VEDTEKTER FOR LEIKANGER BÅTLAG
Vedtekne på årsmøte i Leikanger Båtlag 9.5.2012, og med tillegg § 24 vedtekter for sjøboder frå årsmøte 24.04.2019
1. NAMN OG FØREMÅL
§ 1
Laget sitt namn er Leikanger Båtlag med adresse 6863 Leikanger.
§ 2
Leikanger Båtlag sitt føremål er å samle båtinteresserte i arbeidet for:
- Å legge tilhøva til rette for eit godt båtliv og lage og halda ved like eit godt båtmiljø i sikre båthamner og opplagsplassar.
- Å skaffe medlemene trygge og funksjonelle hamner.
- Å spreie kjennskap til lokale farvatn ved turar og fellestilstellingar
- Trygge friareal og å betre høva for å nytta desse
- Å kjempe mot forureining av sjø og strender
- Å spreie kunnskap om sjøvit og båtmateriell
- Å samarbeide lokalt og regionalt med andre lag om felles oppgåver
- Å samarbeide med lokale styresmakter for å løysa oppgåver innan råma av laget sitt føremålet.
2. MEDLEMSKAP OG MEDLEMSPLIKTER
§ 3
Leikanger Båtlag er ope for alle. Som medlem kan styret ta opp dei som vil arbeida for Leikanger Båtlag sitt føremål. Medlemskapen følgjer kalenderåret. Utmelding må gjerast skriftleg og må ha kome inn til styret innan utgangen av kalendaråret.
Kvart medlem pliktar:
- Å rette seg etter dei vedtekter og instruksar for Båtlaget som gjeld til ei kvar tid.
- Å betale medlemspengar og eventuelle andre avgifter eller liknande i rett tid.
- Å melde skriftlig til styret alle endringar som betyr noko for medlemskapen
- Å verne om Båtlaget sine interesser og medverke til orden og reinsemd i hamna.
- Å delta i dei vaktordningar som styret finn turvande. Dette gjeld berre for båtplasseigarar.
- Å delta på dugnadar som det vert innkalla til av hamnestyret og/eller styret. Dette gjeld berre for båtplasseigarar. Dei som ikkje møter til dugnad skal betale inn dugnadspengar til båtlaget fastsett av styret.
§ 4
Brot på laget sine vedtekter eller hamnereglementet og framferd som vekkjer forarging og støyter andre, eller verkar til skade for laget elles, kan føre til bortvising frå hamna, utelating frå laget og innløysing av båtplass..
Styret avgjer sak om utelating. Vedtak om utelating kan klagast inn for årsmøtet.
3. MEDLEMSPENGAR
§ 5
Medlemspengane vert fastsett av årsmøtet. Medlemspengane skal betalast innan ein frist som vert fastsett av styret. Dersom medlemspengane ikkje er betalt etter purring kan styret, etter å ha gjeve varsel om det, stryke vedkomande som medlem.
Medlem som eig ein båtplass betalar full kontingent. Andre medlemer betalar halv kontingent.
4. LAGET SINE ORGAN
§ 6
Leikanger Båtlag sine styrande organ er:
1. Årsmøtet
2. Styret
3. Faste nemnder
§ 7
Årsmøtet er laget sitt øvste styrande organ og vert halde kvart år innan utgangen av april månad. Medlemane vert kalla inn med 4 vekes varsel. I tillegg skal det, seinast 8 dagar før årsmøtet, sendast skriftleg innkalling til kvar einskild medlem saman med saksliste.
§ 8
Kvar medlem som eig ein båtplass har røysterett på årsmøtet. Andre medlemer har ikkje røysterett, men har møte-, tale- og framleggsrett.
§ 9
Saker som skal handsamast på årsmøtet må vera komne skriftleg inn til styret seinast to veker før årsmøtet vert halde.
§ 10
Det ordinære årsmøtet skal handsama:
1. Val av møteleiar for årsmøtet 2. Styret si årsmelding 3. Revidert rekneskap 4. Fastsetjing av medlemspengar 5. Innkomne forslag 6. Eventuelt skipe eller legge ned faste nemnder 7. Val av: a) Styremedlemar og varamedlemar til styret b) Valnemnd på 3 medlemar c) 2 revisorar d) Medlemar til faste nemnder og andre tillitsvalde
Årsmøtet er vedtaksført når det er kalla inn i samsvar med § 7 i vedtektene. Vedtak på årsmøtet vert gjort ved alminnelig fleirtal, med mindre vedtektene seier noko anna. Ved likt røystetal i valsaker vert saka avgjort ved loddtrekning. Ved avrøysting i alle andre saker har leiaren dobbelrøyst.
For å verta vald må ein kandidat ha minst halvparten av dei gjevne røystene. Dersom ikkje, vert det halde omval mellom dei to kandidatane som har fått flest røyster.
§ 11
Leikanger Båtlag vert leia av eit styre som er samansett av leiar og 4 styremedlemer. I tillegg kjem leiar for hamnenemnda som permanent medlem av styret med røysterett. Leiaren har dobbelstemme ved stemmelikheit i styret. Styret vel sjølv nestleiar, kasserar og sekretær. Styret har to varamedlemer. Berre medlemer som eig båtplass kan veljast som medlem og varamedlem i styret og som medlem i valnemnda.
Medlemene i styret vert valde for 2 år. Leiar skal veljast for 1 år, ved særskilt val mellom styremedlemene. To styremedlemer står på val på første ordinære årsmøte, slik at det går ut vekselvis 2 og 3 styremedlemer kvart år. Tilsvarande regel gjeld for varamedlemer til styret og verv under §10 punkt c og d.
§ 12
Styret har administrativt mynde, representerer laget utover, syter for alle løpande forretningar, kallar saman til møte og tek vare på båtlaget sin økonomi og tarv elles.
- Styret held møte så ofte det finn det naudsynt.
- Styret er vedtaksført når leiar eller nestleiar og minst 2 andre styremedlemer er til stades.
- Leiaren og eit styremedlem forpliktar laget i fellesskap med underskriftene sine.
- Nemndene skal senda sine årlege rapportar til styret innan 15. februar slik at dei kjem med i årsmeldinga.
- Valnemnda legg sjølv si tilråding fram for årsmøtet.
- Styret skal leggje opplysningar om laget si verksemd og revidert rekneskap fram for det ordinære årsmøtet.
- Styret nemner opp og fastset mandat for mellombelse nemnder og utval som styret finn naudsynte for å løysa avgrensa oppgåver.
5. OMFRAMT ÅRSMØTE
§ 13
Styret skal kalla inn til omframt årsmøte når styret finn det naudsynt. Styret skal kalla inn til omframt årsmøte med minst 8 dagar varsel når minst 1/5 av medlemene krev det skriftlig og oppgjev kva saker dei ønskjer å handsama. Innkalling til omframt årsmøte skal vere skriftleg. Omframt årsmøte kan skipe faste nemnder.
6. YMSE
§ 14
Inn – eller utmelding av ein krins eller forbund må vedtakast på ordinært årsmøtet med 2/3 fleirtal av dei møtande medlemer som har røysterett.
§ 15
Framlegg om endring av laget sine vedtekter, med styret si tilråding, må skriftleg gjerast kjent for medlemene seinast 2 veker før ordinært årsmøte. Endringar må vedtakast på ordinært årsmøte med 2/3 fleirtal av dei møtande medlemane som har røysterett.
§ 16
Leikanger Båtlag kan berre løysast opp ved vedtak på ordinært årsmøte, etter at saka har vore send ut til medlemene saman med innkallinga til årsmøtet. Framlegg om oppløysing av laget må sendast til styret innan 31. desember og må vedtakast av 2 ordinære årsmøte etter kvarandre.
Vedtak om oppløysing må ha minst 3/4 fleirtal av dei møtande medlemene med røysterett
Mogeleg kapital vert disponert av årsmøte, med alminnelig fleirtal, etter tilråding frå styret.
7. OVERDRAGING, INNLØYSING OG UTLEIGE AV BÅTPLASSAR
§ 17
Båtplassar kan fritt overdragast til ektefelle/registrert sambuar eller born. Styret og hamnenemnda skal gjevast melding om overdraginga.
§18
Alle andre overdragingar skal godkjennast skriftleg av styret. Medlemer som eig båtplass og som ønskjer å byte denne har førerett til ledige plassar. Deretter har medlemer utan eigen båtplass førerett til ledige plassar.
Føreretten til ledige plassar gjeld i den rekkefylgja medlemene er innmelde i laget. Tidspunktet for første gongs betaling av kontingent er i tvilstilfelle det avgjerande tidspunktet.
Dersom førstemann på lista ikkje tek i mot tilbod om kjøp, vert vedkomande plassert bakerst på ventelista.
§19
Båtplassar kan leigast ut til ektefelle eller born. Styret og hamnenemnda skal gjevast melding om utleiga.
Alle andre utleiger skal godkjennast skriftleg av styret. Styret skal godkjenne leigeavtalen og kan fastsetje maksimal leigepris.
Medlemer har førerett til å leige plassar. Føreretten til å leige plassar gjeld i den rekkefylgja medlemene er innmelde i laget. Tidspunktet for første gongs betaling av kontingent er i tvilstilfelle det avgjerande tidspunktet.
Den som leiger båtplass pliktar å vere medlem i laget.
§20
Medlem som ikkje nyttar tildelt båtplass innan rimeleg tid pliktar å leige ut plassen. Dersom dette ikkje vert gjort kan styret, etter å ha gjeve varsel, gjere vedtak om å løyse inn plassen.
§21
Overdraging og innløysing av gamle båtplassar skjer etter kostpris for båtplassen pr. 15.05.1987 med indeksregulering i samsvar med Statistisk Sentralbyrå sin konsumprisindeks og med tillegg for seinare innbetalingar frå eigaren til påkosting på anlegget.
Overdraging og innløysing av nye båtplassar skjer etter kostpris for båtplassen ved ferdigstillinga av båtplassen, med indeksregulering i samsvar med Statistisk Sentralbyrå sin konsumprisindeks og med tillegg for seinare innbetalingar frå eigaren til påkostingar på anlegget.
§22
Båtplasseigarar som ikkje betalar si gjeld til båtlaget kan få båtplassen sin innløyst. Forut for styret si avgjerd om innløysing av båtplass, skal styret ha sendt båtplasseigar skriftleg varsel om at båtplassen vil verte innløyst om ikkje kravet vert betalt innan 30 dagar.
§23
Ved innløysing av båtplassar kan kostnadene med innløysinga og eventuell gjeld til båtlaget motreknast i innløysingssummen. Båtlaget har ikkje i noko tilfelle plikt til å løyse inn ledige båtplassar.
8. VEDTEKTER FOR SJØBODER
§24
1. Sjøbodene kan eigast av alle som er medlem i Leikanger Båtlag eller som har rett til fast båtplass i Leikanger båtlag si båthamn.
2. Styret i Leikanger båtlag tek avgjerd i saker som vedkjem sjøbodene, herunder kven som skal få kjøpe ledig bod, godkjenne eventuell utleige av bod, og vedta maksimal utleigetid.
3. Prinsippa i §17, §18 andre lekk, §20, §21 , §22 og §23 i vedtektene for Leikanger Båtlag gjeld tilsvarande når styret handsamar saker som vedkjem sjøbodene.
Årsmøtet fastset slik årleg leige for grunn til sjøbod: Kr 500,- pr. år pr. sjøbod.