Slipp

Instruks for bruk av slippen i Leikanger Båtlag

Alle som nyttar slippen skal gjere seg kjente med innhaldet i denne instruksen. Leikanger Båtlag er ikkje ansvarleg for skade på båt ved slipping. Bestilling av slipping må gjerast i god tid før planlagt arbeid på båten.

Båteigar sitt ansvar:

  1. Båteigar som nyttar slippen må ha forsikra båten for denne type arbeid
  2. Båteigar plikter å opplyse om utforminga av kjøl/skrog og vekt på båten før plassering på slippvogna. Maksimal bruttovekt på båt er sett til 9 tonn.
  3. Båteigar har ansvar for at området ved slippen vert rydda etter bruk. Skadar eller manglar på slipp eller utstyr skal meldast til slippsjefen eller slipparane som deltek.

Båtlaget sitt ansvar:

  1. Det skal alltid vere to personar frå båtlaget til stades ved landsetting og sjøsetting
  2. Både slippvogn og båt skal sikrast forsvarleg før ein byrjar arbeidet med båten
  3. Styret i båtlaget har peika ut ein person som er ansvarshavande for slippen
  4. Båtlaget skal ha ansvarsforsikring

Retningslinjer ved landsetting og sjøsetting:

Landsetting: Sidestøttene justerast iht båtens bredde. Når båten er komen på slippvogna, skal båten sikrast i bakkant, på sidene og strammast. Nødvendig fòring på sidene må vurderast. Ingen må opphalde seg i båten, bak eller ved sida av slippvogna under opphaling. Slippvogna skal sikrast med kjetting før ein startar arbeidet med båten.

Sjøsetting: Ingen må opphalda seg i båten, bak eller ved sida av slippvogna etter at sikring (kjetting) er fjerna og før båten er ved vassflata.

Materiell: Den som nyttar slippen skal ha tilgang til vatn og straum. Kvar enkelt er ansvarleg for at vatn og straum vert forsvarleg avstengt etter bruk. Høgtrykksspylar skal låsast inn etter bruk.

Vilkår:

Medlemmer som eig båtplass betalar kr 600,- for slipping. Dette inkluderer landsetting, sjøsetting, lån av høgtrykkspylar, straum og inntil 3 dagars opphald på slippen. Behov for lengre opphald på slippen grunna dårlege vêrtilhøve eller anna, avtalast med slippsjefen. Behov for slipping skal meldast til slippsjefen.

Medlemmer som eig eller leiger plass i båthamna kan nytta slippen for landsetting og sjøsetting frå eigen hengjar vederlagsfritt. Vask og vedlikehald blir utført utanfor slippområdet. Bruk av høgtrykkspylar kostar kr 100,-.

Beløpet leggjast i konvolutt i ein eigen oppsett kasse, eller betalast til Vipps 517606 merkast «Slipp».

Andre som ikkje eig båtplass i båtlaget og som ynskjer å leiga slippen, skal betale følgjande for landsetting og sjøsetting – rekna etter lengda på båten:

t.o.m. 24 fot         kr  700,-

25 – 30 fot           kr 1000,-

31 – 36 fot           kr 1400,-

f.o.m.37 fot          kr 1700,- (NB!! Sjå vektgrense)

I tillegg kjem kr 100,- for kvar dag båten står på slippen. Vask med høgtrykkspylar kostar kr 250,-. Ved lengre tids slipping og ved dårlige vertilhøve, kan tid og spesiell pris avtalast med slippsjefen. Behov for slipping skal meldast til slippsjefen.

Beløpet leggjast i konvolutt i ein eigen oppsett kasse, eller betalast til Vipps 517606 merkast «Slipp».

Ikkjemedlemmar som nyttar slippen for landsetting og sjøsetting frå eigen hengjar betalar kr 200,-. Beløpet leggjast i konvolutt i ein eigen oppsett kasse, eller betalast til Vipps 517606 merkast «Slipp».

Styret Leikanger Båtlag, mai 2022

Kontaktpersoner for slipping:

Jens Bjarne Henjum – Slippsjef     tlf 951 91 818

Anders Borlaug                              tlf 958 98 751

Jan Atle Woll                                  tlf 970 01 881