Gjestehamn

Leikanger Båtlag har ei flott gjestebrygge i austre hamn der det er lagt fram straum og vatn. Her er også muligheit til fylling av drivstoff (diesel). Båtlaget disponerer eit bygg som blant anna inneheld toalett. Båthamna ligg nært til bensinstasjon, butikkar, hotell og kafe/kro.

For å nytte gjestebrygge er det lagt opp til betaling ved å legge pengane i ein konvolutt i postkassen.
Kr. 100,- pr. døgn u/straum
Kr. 150,- pr. døgn m/straum

Fylling av diesel

Medlemmar

Pumpa er utstyrt med en PIN kode for den enkelte bruker slik at antall liter påfylt blir registrert på eigar av PIN koden. PIN kode og nøkkel til pumpehuset vil koste kr 500,-.
Medlemmar kan ta kontakt med Geir Skorpen, geir.skorpen@enivest.net på Email for å få tildelt PIN kode og nøkkel.

Gjester

Fylling av diesel til båtar kan avtalast ved å ta kontakt med ein av kontaktpersonane i lista under. Vi tek imot kontant betaling eller bank-kort.

Kontaktpersonar:
Geir Skorpen, tlf. 99 39 31 94 (kontant og bank-kort)
Knut Henning Walaker, tlf. 47 75 17 60 (kun kontant)
Arne Egil Husabø, tlf. 41 67 29 45 (kun kontant)

Vi ber om at alle er med og held kaien og området ryddig, og unngår diesel / oljesøl i hamna. Eventuelt boss vert kasta i bossdunken

Retningslinjer for bruk og oppgjør er satt opp i pumpehuset.