Hamnereglar

I. STYRINGSORGAN

1.  Hamnenemnda har ansvaret for den daglege drifta av båthamna. Nemnda skal sjå til at hamna er i forsvarleg stand og at båteigarane fylgjer gjeldande vedtekter og reglar for bruk av Leikanger båthamn.

2.   Hamnenemnda kan føreta omplassering av båtplassar når dette er naudsynt av omsyn til drifta. Pålegg om omplassering kan ankast inn for styret, som tek avgjerd med endeleg verknad.

3.  Hamnenemnda kan gje pålegg om:

  • forsvarleg fortøying og fendring av båtane
  • utbetring av skadar som er påført anlegget
  • utbetring av andre tilhøve som er i strid med reglementet
  • iverksetjing av miljøtiltak – deltaking på dugnad

II. BÅTEIGARANE SINE RETTAR OG PLIKTER

4.  Leikanger Båtlag er eigar av båthamna med alle faste og lause installasjonar. Tildeling av båtplass inneber bruksrett til plass for eigen båt, jfr. vedtektene §§ 17 – 23.

5.  Båtplasseigar og leigetakar pliktar å stå som medlem i laget og å rette seg etter dei lover og reglar som gjeld for laget og båthamna.

6.  Alle båtar skal vere ansvarsforsikra, noko kvar einskild båteigar har ansvar for.

7.  Båteigarane pliktar å syte for forsvarleg fortøying og fendring. Skadar som båten gjer på anlegget, skal utbetrast for båteigaren si rekning etter hamnenemnda sine tilvisingar. Ved ferdsel i hamneområdet skal det visast serleg aktsemd og båtane skal gå med liten fart.

8.  All ferdsel i hamneområdet, opp – og utsetjing, transport og opplag av båtar skjer på eige ansvar. Hamnenemnda eller båtlaget tek ikkje på seg ansvar for bruk av båtplassar eller utstyr i hamna.

9.  Det er forbode å tøme ut olje, oljehaldig vatn, fiskeavfall eller andre forureinande stoff i hamneområdet. Boss skal bringast vekk eller leggast på tilvist stad.

10. Oppreinsing etter utslepp av olje, oljehaldig vatn, fiskeavfall eller andre forureinande stoff i hamneområdet, skjer på forureinar si rekning.

11. Når ein båtplass vert forlaten for meir enn 5 døgn, bør plassen stillast til rådvelde som gjesteplass. Melding om dette skal rettast til hamnenemnda. Denne plassen skal då merkjast som ledig til bruk som gjesteplass. Hamnenemnda set i verk merking som vert varsla på oppslagstavle

12. Ved brot på laget sine hamnereglar gjeld same sanksjonar som ved brot på vedtektene i båtlaget, jfr. vedtektene § 4.

III. REGLAR FOR BRUK AV GJESTEHAMN

13. Alle gjester pliktar å kontakte hamnenemnda når dei skal nytte Leikanger Båthamn. Dersom gjestene kjem i hamna etter klokka 2200, må dei i etterkant snarast mogeleg kontakte hamnenemna for registrering. Opplysningar om telefon og mobiltelefon, er å finne på båtlaget si oppslagstavle.

14. Det er berre høve til å nytte straum der dette er avtala og betalt for.

15. Døgnleige vert fastsett på ordinært årsmøte og kunngjort ved oppslag på båtlaget si oppslagstavle. Døgnleiga vert gjort opp kontant med hamnenemnda. Ved motteken betaling får gjesten ein utfylt og signert kontrakt, som gjesten skal feste på ein godt synleg plass på båten sin.

16. Fortøying som er på tildelt gjesteplass kan nyttast, men skal ordnast slik den var før gjesteplassen vart teken i bruk.

17. Reglar for Leikanger Båthamn er sett opp på oppslagstavla og gjeld for alle som nyttar Leikanger båthamn. Hamnenemnda har styret si fullmakt når det gjeld forvaltninga av gjesteplassreglane. Dette gjeld mellom anna fullmakt til å vise bort dei som ikkje etterlever hamnereglane.

Desse hamnereglane vart godkjend på årsmøte i Leikanger Båtlag 23. april 2007.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s